Luster Seniordans

På Seniordans får du utfordra di konsentrasjonsevne, du får betra din fysikk og di mentale helse. Danseleiarar syter for god og lettfatteleg instruksjon tilpassa målgruppa, og her finst ikkje prestasjonskrav. Her er trivsel og glede langt viktigare. Smilet og latteren er aldri langt unna. Du treng ikkje førekunnskap for å bli seniordansar. Her kan du gå utan partnar, dansarane markerast med raud eller blå. Ta med drikke og ev. frukt/niste. Kr. 20 pr. kveld.

Arrangør: LUSTER SENIORDANS
: Luster ungdomsskule, Gaupne
Tid: torsdag 18. januar 18:00
Fysisk aktivitet