Aksjeteikning

- eit samarbeidsprosjekt mellom Sogndal kommune, Idretten, næringslivet og private brukarar
I mange år har ”Hodlekve” stått for skimoro og vinter-friluftsliv i Sogndal sin vakre omgjevnad. Området har bidrege til utvikling av eit miljø for både langrenn, snowboard-, telemark- og alpinentusiastar.
Hodlekve har vore eitt av dei få friluftsområda i kommunen som er tilrettelagt for bruk om vinteren. Langrennsutøvarar set pris på dei preparerte løypene, og i slalåmbakkane har det vore plass til både slalåm, telemarkski og snowboard.


Tidligare var det eldsjeler som dreiv anlegget –
eigaren, medarbeidarane hans og idrettslaget sine dugnadsfolk. No har me ein annan situasjon, der det har vore naudsynt å finne ei ny plattform for eigarskap og ansvar. Planen er å drive heisen basert på dugnad og betalt dugnad. For teknisk drift må ein leige inn kompetent hjelp.

Sogndal kommune ser på anlegget ”Hodlekve” som eit viktig element i kommunal tilrettelegging av tilbod på vinter- og friluftsliv. Kommunestyret har difor teke dei naudsynte avgjerdene for å sikre allsidig skiaktivitet i Hodlekve.

Som erfaringa har vist, er Hodlekve eit velkome tilbod, men ein kan ikkje vente seg dei store inntektene. Like eins ynskjer kommunen, idrettsorganisasjonane og næringslivet å oppretthalde dette tilbodet. Pådrivarane er overtydde om at anlegget har positive ringverknader for heile kommunen og aukar livskvaliteten, sjølv om anlegget isolert sett ikkje gir den store økonomiske gevinsten. Nokre av aktørane i næringslivet har difor allereie lagt inn kapital.

Eigargruppa går no ut til næringslivet og innbyggarane i Sogndal og inviterer ein større krins til deltaking i selskapet.

Ein kan ikkje vente seg vanleg aksjeutbyte av ei slik investering. Eventuelt overskot skal reinvesterast i anlegget eller brukast til andre idrettsføremål. Avkastninga i dette tilfellet er at ein klarar å oppretthalde eit attraktivt tilbod som gjer det meir spanande å bu i Sogndal.

Vi oppmodar både noverande eigarar, reiselivsverksemdene i Sogndal , Fjærland og Leikanger, hytteeigarane i Sogndalsdalen, idrettslaga i kommunen, andre organisasjonar og einskildpersonar til å vere med på ei aksjeteikning for å gje Hodlekve Skisenter eit betre finansielt grunnlag for utvikling av anlegga. Nærare opplysningar om Hodlekve Skisenter finn ein ved å nytta skisenteret si heimeside www.hodlekve.no   eller ved å ringja Kjetil Kvåle på tlf.57 67 87 95 / E-post etab@sygna.no

 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS