Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Sogndal kommune har eit aktivt organisasjonsliv, og om lag 200 organisasjonar gir eit fritidstilbud til dei fleste.
Tilbod om kino i to salar, teaterframsyningar og konsertar bidreg til at kulturhuset i bygda blir flittig nytta. Sogndal kino har vorte kåra til ”Årets Kino” fleire år på rad!
De heibergske samlingar- Sogn Folkemuseum på Kaupanger er aktiv både sommar og vinter med visekveldar, konsertar og temadagar for spesielle grupper samt utstillingar av kunst.
På aktivitetskalendaren kan du følgje med kva som skjer i Sogndal.
Sogndal har eit av dei største Studentsamfunna i Noreg. Samfunnet er høgst oppegåande og aktivt; blant anna arrangerer dei meir enn 100 større og mindre musikk- og underhaldningsarrangement i Studenthuset i løpet av året. Alle konsertar er open for alle: studentar og andre musikkelskarar.
