Tenester i Sogndal kommune

Teneste er eit omgrep for dei oppgåvene kommunen tilbyr innbyggjarane. Det gjeld både lovpålagde oppgåver og oppgåver vi sjølv har teke på oss å tilby.

Tenestemenyen til Sogndal kommune er bygd opp etter ein offentleg standard kalla LOS. Målet med LOS er å gjere det enklare for innbyggarane å finne fram i det offentlege. Dei kommunale tenestene er knytta opp mot emneorda i LOS.

Ei tenesteskildring eller ein tenesteomtale er konkret informasjon om innhaldet  i kvar oppgåve.  Den gjev deg rettleiing og informasjon om korleis du kan gå fram for å få tilgang til tenesta.

På nettsidene våre ønskjer vi at du enkelt skal finne fram utan å måtte kjenne til korleis kommunen er organisert. Informasjon om tenestene er difor gruppert i ulike tema. Bruk menyen til venstre for å navigere deg fram til den tenesta du ønskjer meir informasjon om.  Du kan også nytte søkefunksjonen øvst på sida.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS