Allemannsretten er ein av dei viktigaste føresetnadene for utøving av friluftsliv. Allemannsretten gjeld i utmark.

Alle har lov til å ferdast og opphalde seg i utmarka i Noreg. Allemannsretten er eit gratis fellesgode og ein del av kulturarven vår. Allemannsretten er ein opphalds- og ferdselsrett, men gjev også rett til å hauste t.d. bær, sopp og blomster.

Miljødirektoratet har det overordna ansvaret for allemannsretten.