Høgskulen i Sogn og Fjordane er den største arbeidsplassen i Sogndal. Både høgskulen og Sogndal vidaregåande skule er lokalisert i og rundt kunnskapssenteret i Sogndal, Fosshaugane Campus.

Sogndal folkehøgskule er den eldste folkehøgskulen i landet som framleis er i drift.
Sogn kulturskule er den interkommunale kulturskulen for Sogndal, Luster og Leikanger.