Tal frå SSB syner at Sogn og Fjordane har hatt stor auke i talet på medlemmer i trus- eller livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Sogn og Fjordane er likevel framleis det fylket der færrast er medlemmer i andre trussamfunn.

Det er Fylkesmannen som registrerer trudoms- og livssynssamfunn, handsamar søknader om tilskot og fører tilsyn med at trudoms- og livssynssamfunna si verksemd er i tråd med lov og forskrifter.