Alle verksemdene som vi driv tilsyn med har plikt til å melde frå til oss ved oppstart og ved vesentlege endringar. Vidare må enkelte av verksemdene søke om godkjenning ved oppstart og vesentlege endringar. Dette gjeld skular, barnehagar, tatoveringsverksemder, basseng og boblebad. Søknadsskjema finn du her

Arbeidsoppgåver og tema knytt til miljøretta helsevern: 

  • Godkjenning og tilsyn ved barnehagar og skular.
  • Tilsyn ved badebasseng, badstu og boblebad.
  • Tilsyn og rådgjeving i høve drikkevasskjelder.
  • Tilsyn og godkjenning ved bruk av slam.
  • Tilsyn med skadedyrbekjemparar.
  • Klagehandsaming i høve til grunn- og luftureining.
  • Klagehandsaming i høve til støy.
  • Rådgjeving i høve radon.
  • Tilsyn og klagehandsaming i høve til røykelova.
  • Godkjenning av og tilsyn ved frisør- og hudpleiesalongar, tatoveringsverksemder og solstudio.
  • Rådgjeving for å ivareta helsemessige omsyn i arealplanlegginga.
  • Overvaking av vasskvalitet ved badeplassar, badevassprøver.
  • Tilsyn ved campingplassar, leirplassar, asylmottak m.m.
  • Overvaking av potensielle smittekjelder som til dømes kjøletårn.