Kven kan søkje?
Søknaden må vere underskriven av alle av dei som har grunnboksheimel til dei aktuelle matrikkeleiningane, dvs. dei som står som eigarar av grunneigedommen. Firmaattest av nyare dato må leggjast ved søknaden i dei tilfelle der heimelshavar er eit firma.
 
Søknaden skal innehalde
Ved søknad om arealoverføring bruk skjema: Søknad om deling/rekvisisjon av oppmålingsforretning. Rekvirenten må teikne inn kva grenser som blir berørt ved arealoverføringa på kopi av målebrev/matrikkelbrev eller utsnitt av grunnkartet. Tiltaket må nabovarslast.
 
Saksgang og vilkår
Vedtak om arealoverføring vert fatta med heimel i plan- og bygningslova, men eit eventuelt løyve må gjevast på bakgrunn av at vilkår i matrikkelforskrifta § 33 blir ivaretekne:

  • Det må ligge føre erklæring frå pantehavar om pantefråfall.
  • Erklæring om arealoverføring mellom registrerte eigarar og festarar.
  • Kjøpesum og verdi må gå fram av erklæringa for berekning av dokumentavgift.
  • Ved arealoverføring av landbruksjord, må samtykke etter jordlova § 12 føreliggje.
  • Konsesjon eller eigenerklæring om konsesjonsfridom.
  • Vilkår for samanslåing av eigedommar må vere til stades.

Er det behov for store transaksjonar og oppretting av dokument, kan ein tilrå at partane let seg bistå av ein eigedomsmeklar, advokat eller liknande.
Når løyve er gitt og eventuelle vilkår for løyve er oppfylt, vert det halden ein oppmålingsforretning der dei nye grensene påvisast og merkast.
Arealoverføringa registrerast deretter i matrikkelen og sendast til tinglysing. Dersom avgiftsmyndigheitene ikkje godtek kjøpesummen som grunnlag for dokumentavgifta eller det viser seg at arealoverføringa fører til prioritetskollisjon i heftingar, vil arealoverføringa ikkje bli tinglyst, men sendt til kommunen og partane for retting.
Kommunen sender ut matrikkelbrev til rekvirentane når arealoverføringa er tinglyst.
 
Gebyr
Sjå kommunen sine gebyrregulativ for arealoverføring.