Norsk landbruksrådgiving Sogn og Fjordane held autorisasjonskurs i plantevern på rådhuset i Gaupne onsdag 3. februar kl. 09 - 17.00.

Kurset er både for dei som skal fornye plantevernsertifikatet og for første gongs kursdeltakarar.

Dei som fornyar avsluttar med ein prøve på slutten av kursdagen, dei som tek kurset for fyrste gong må innom Mo på ein praksisdag (egen påmelding dit).

Ein kan også eventuelt ta kurset på Mo. For deira kursdatoar sjå: www.landbrukskurs.no/kurs

Etter registrert påmelding blir kursbøker sende ut i god tid før kursstart.

Kurspris :
Medlemar i NLR: kr  1200,- inkl. eksamensavgift. Ikkje-medlemar: kr 1900,-

Bøker og servering kjem i tillegg.


Påmelding: E-post stine.huseby@nlr.no  eller tlf. 480 40 498