Autorisasjonskurs i plantevern

For kjøp og bruk av plantevernmidlar, må ein ha gyldig autorisasjonsbevis. Desse bevisa gjeld i 10 år. For mange personar i Sogn er beviset gått ut eller går ut i løpet av 2012.

Logo NLR_cropped_296x53

Landbruksrådgivinga i Sogn og Fjordane skal halda eitt eller to kurs i månadskiftet januar/februar. Kursstaden vert truleg Sogndal, men ved stor påmelding kan det bli aktuelt å avhalda kurs også andre stader i Sogn.

Påmelding snarast og seinast 31. desember til Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane:

Personar som skal ta kurs for å få dette beviset for første gong, kan også delta på dette kurset i Sogn, og få det godkjent som første del av den fullverdige kurspakken. Siste del av denne «pakken», er obligatorisk og må gjennomførast på t.d. Mo Jordbruksskule, sannsynlegvis går det eit kurs der i slutten av februar 2012. Denne dagen er obligatorisk også for dei som ønskjer å ta første del av kurset som sjølvstudium.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Våre einingar

Tenesteomtalar

Relaterte nyhende

Web levert av CustomPublish AS