Årsavgift avløp (§5) 

Årsavgifta vert rekna etter ein fast og ein variabel del. For alle abonnentar gjeld at avløpsmengda blir rekna lik vassmengda, sjå likevel § 6.
                              
Fastledd; (40% av samla inntekt)
Vilkår for utrekning av abonnementsgebyr som for vatn.

Dimensjon på leidning i mm Abonnentgebyr
Normalsats
Gebyrstorleik
N x normalsats
≤ 32 1.591 N = 1
≤ 40 1.591 N = 2
≤ 63 1.591 N = 4
≤ 75 1.591 N = 6
≤ 110 1.591 N = 10
> 110 1.591 N = 15

     

Forbruksledd; (60% av samla inntekt)
Abonnentar med bustad- og fritidshus betaler anten etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m3, eller stipulert forbruk basert på utrekna bruksareal i samsvar med NS 3940 og pris pr. m3.  
Omrekningsfaktor for stipulert forbruk er sett til 1,5 m3/m2 for bustader.
Pris pr m3 etter målt vassforbruk kr 9,11.
 
Følgjande bruksareal og vassforbruk skal leggjast til grunn for stipulert forbruk:

Bruksareal (m2) Grunnlag for utrekning (m2)

Stipulert forbruk (m3)
Bustadhus

Stipulert forbruk (m3)
Fritidsbustad
 < 100 70 105 25
101 - 250 140 210 50
> 250 200 300 70

 

Tilknytingsavgift for avløp (§4)

Tilknytingsgebyret skal betalast når eigedom med hus på blir tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsnett ved førstegongsoppføring av bygg som blir tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsnett.
Abonnentar med bustad- og fritidseigedommar skal betale normalsats. For næringseigedommar, offentlege bygg og kombinasjonsbygg blir tilknytingsgebyret fastsett på grunnlag av dimensjon på inntaksleidning for vatn, slik det går fram av tabellen under.

Dimensjon på leidning i mm Tilknytingsgebyr
Normalsats
Gebyrstorleik
N x normalsats
≤ 32 14.563 N = 1
≤ 40 14.563 N = 2
≤ 63 14.563 N = 4
≤ 75 14.563 N = 6
≤ 110 14.563 N = 10
> 110 14.563 N = 15

 

Gebyr for tilsyn med privat anlegg

Jf.§§ 12-2, 13-2, 15-2 og 15 A-2 i ureiningslova skal kommune føra systematisk kontroll med at løyver til utslepp og påslett vert halde. Gjennom ureiningsforskrifta §11-4 har kommunen heimel til å vedta kommunale sakshandsamings- og kontrollgebyr for tilsyn. Samla skal ikkje gebyra overstiga kostnadane som kommunen har ved sakshandsaming etter kontrollordningar. Alle som har vatn innlagt skal ha avlaup og må difor betala gebyret.

Tilsyn på avlaup, årleg gebyr, per bustad/fritidsbustad og tilsvarande: kr 490