Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Har du omsorgsoppgåver som gjer at du treng avlastning? Kommunen kan t.d. gje avlastning i form av heimehjelp, dagtilbod eller korttidsopphald på sjukeheim. Avlastninga skal gje pårørande rom for normal fritid, høve til å reisa på ferie og tid til å ivareta sosialt nettverk.
Dette er ei lovpålagd teneste etter sosialtenestelova.
Du skal ha eit særlig tyngande omsorgsarbeid. Det er kommunen som i samarbeid med deg som søkjar som avgjer kva tenester som vert innvilga. Moment som vert vektlagde er m.a.:
Rettleiing
Du kan kontakta kommunen for å få hjelp til å søkja om avlastning. Både omsorgsytar og den hjelpetrengjande sjølv kan søkja søke om avlastning.
Søknaden skal sendast til:
Sogndal kommune
Postboks 153
6856 Sogndal
Sakshandsaming
Kommunen skal henta inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjera saka. Deretter vert det fatta vedtak. Vanligvis får du ei grunngjeving samtidig med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss det kan tenkast at du blir misnøgd med vedtaket. Viss grunngivinga ikkje følgjer med, kan du få det ved å venda deg til kommunen innen klagefristen for vedtaket går ut.
Kommunen skal handsama saken så snart som mogeleg. Der saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette.
