Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Tenesteeining kommunalteknikk sin VAR-avdeling har oppgåver knytt til avløpsnettet og skal syte for at dei to renseanlegga, 13 pumpestasjonane og leidningsnettet fungerer godt. Ein stor del av leidningsnettet er felles for avløp og overvatn.
Kommunen sin avløpsfunksjon vert finansiert av det kommunale avløpsgebyret.
Tenesta omfattar transport og handsaming av avløpsvatn i kommunalt leidningsnett. Drift og utbygging av avlaupsnettet vert gjort i samsvar med "Hovudplan for avløp 2009-2018" og har som mål å byggje ut eit godt kommunalt avløpssystem som tilfredstiller nasjonale krav (lover, forskrifter og retningsliner).
Fortløpande
I utgangspunktet kan alle som vil knyta seg til det kommunale avlaupsnettet dersom det er leidningsnett i nærområdet. Den som ynskjer eller vert pålagd tilknyting til avlaupsnettet, skal søkje om dette på eige søknadskjema.
Søknadskjema om sanitærabonnement vert utlevert i tenestetorget eller her
