Tenesteeining kommunalteknikk sin VAR-avdeling har oppgåver knytt til avløpsnettet og skal syte for at renseanlegga, pumpestasjonane og leidningsnettet fungerer godt. Ein stor del av leidningsnettet er felles for avløp og overvatn.

Tenesta omfattar transport og handsaming av avløpsvatn i kommunalt leidningsnett. Drift og utbygging av avløpsnettet vert gjort i samsvar med "Hovudplan for avløp 2009-2018" og har som mål å byggje ut eit godt avløpssystem og tilfredsstille lover, forskrifter og retningslinjer.

Den som ynskjer eller vert pålagd tilknyting til avlaupsnettet, skal søkje om dette på eige søknadskjema.