Avløysing ved sjukdom - tilskot

Tilskot til gardbrukarar slik at dei kan leige inn avløysar ved sjukdom mv.

Målgruppe

Føremålet er at ved sjukdom hjå gardbrukar eller ektefelle/sambuar skal ein kunne finansiere avløysing i husdyrproduksjon, heilårs veksthus-produksjon og i onnetida for planteproduksjon/honningproduksjon. Med BRUKAR forstår ein: brukar eller ektemake/sambuar (må dok. næringsinntekt), Med SJUKDOM mv forstår ein: sjukdom, svangerskap/ fødsel, dødsfall, sivilforsvarsøving, fylgje av born under 12 år eller funksjonshemma born under 16 år til sjukehus, foreldre er heime med born under 16 år som har kronisk sjukdom
 

Handsaming

Søknad sendast kommunen innan 3 månader etter siste avløste dag. Kommunal handsaming med kontroll av dokumentasjon, utrekning av tilskot, evt. trekk m.m. samt godkjenning av tilskotssum. Fylkesmannen utbetalar tilskot.

Dette må leggjast ved søknaden:
1 Dokumentasjon av næringsinntekt for dei to føregåande åra.
2 Sjukmelding e.l. for søknadsperioden,
3 Oppgåve over utbetalingar frå trygdekontor t.d. sjukepengar, pensjon, attføring o.l.,
4 Dokumentasjon av betalt løn, feriepengar, arbeidsgjevaravgift til avløysar eller betalt landbruksvikar(kommunal)

Søknadsfrist

Innan 3 månader etter siste avløste dag

Meir informasjon på nettsidene til Statens landbruksforvaltning, slf.dep.no

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS