Prosedyrar ved bruk av eld utandørs

  • Unngå all brenning i tettbygde strøk. Sogndal sentrum, Kjørnes bustadfelt, Kaupanger bustadfelt og Kaupanger industriområde er definert som tettbygd strøk.
  • Avfall skal leverast til godkjende mottak, t.d. Simas.
  • Ved løyve til brenning skal dette meldast til Alarmsentralen (www.alarmsentralen.com) eller på tlf. 57751400. Men lokalt brannvesen telefon 48296929 skal rådspørjast først og kan nekte brenning.

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode med unnatak av følgjande:

  • Open brenning på grillinnretningar, utepeis og kaffibål i hagar og liknande
  • Brenning av reint avfallstrevirke i vedomn (trevirke som ikkje er impregnert og måla

Det kan gjevast løyve til følgjande når brannvesenet er varsla:

  • Bråtebrann og brenning av hageavfall utanfor tettbygd strøk
  • Jonsokbål
  • Halmbrenning i jordbruket
  • Flatebrenning i skogbruket
  • Utanfor tettbygd strøk kan avfall som kvistar og hageavfall brennast. Papp, plast, landbruksplast, isopor, bildekk, impregnert materiale, møblar, organiske produkt, nedrevne hus og bygningsavfall kan ikkje brennast

Hugs elles:

  • at all bruk av eld utandørs skjer på eige ansvar
  • å innhenta løyve av grunneigar
  • å ha slokkemiddel tilgjengeleg
  • at elden må være slokka før det blir mørkt
  • at ein ansvarleg vaksen person må ha tilsyn og ikkje forlate staden før ein er sikker på at det er sløkt

Brannsjefen kan forby all bruk av eld ved spesielle ver- og vindforhold eller andre høve dersom han meiner det ikkje er forsvarleg