Har du plass til eit barn i familien din? I Sogn og Fjordane har vi om lag 200 fosterbarn. Barna er i hovudsak frå 0 til 18 år, nokre få opp til 23 år.
Nokre har søsken, andre er einebarn.

Alle har kvar sin personlegdom, kvar sine ressursar, interesser og særpreg. Dei er fulle av draumar, håp og planar – akkurat som andre barn.

Dei er blitt fosterbarn fordi det har skjedd ting som gjer at dei må flytte heimanfrå. Nokre har mangla tryggleik og omsorg, andre har opplevd overgrep
og mishandling.

Kan hende du kan gi desse barna ein heim og den tryggleiken dei treng?