Foreldrebetaling for opphaldstid følgjer reglane for maksimalsatsar jf. statsbudsjettet.
Maksimalsats for heil plass frå januar 2019: kr. 2 990 pr. månad. Frå 1. august 2019 kjem ein auke på ytterlegare 50 kroner.

Ingen hushald skal betale meir enn 6% av inntekta for ein barnehageplass. Frå 1. januar 2019 vil hushald med inntekt under kr 548 167 ha rett til redusert foreldrebetaling, og frå 1. august er det hushald med samla inntekt under kr 557 333 som har denne retten.

Ordninga med gratis kjernetid for alle 3-, 4- og 5-åringar for familiar med låg inntekt vert utvida. Frå august 2019 vert også alle 2-åringar omfatta av ordninga. Inntektsgrensa vert frå 1. august 2019 kr 548 500.

 

Foreldrebetaling i barnehagane per månad:

Type plass Prisar 2019 Matpengar 2019
Heil plass Frå 1.1.19:
2 990
Frå 1.8.19:
3 040
336
80 %

Frå 1.1.19:
2 780

290
60 % Frå 1.1.19:
2 185
Frå 1.8.19:
2 220
220

Foreldre betalar for 11 månader i året; 4,5 mnd. i hausthalvåret og 6,5 mnd. i vårhalvåret. Betalinga skjer på forskot den 15. i kvar månad; fyrste gong 15. august.

Moderasjonsordning:
Barn 1: Full pris
Barn 2: 30 % moderasjon
Barn 3 og fleire: 50 % moderasjon

For hushald med rett til inntektsgradert foreldrebetaling, blir søskenmoderasjonen for andre, tredje og fleire i tråd med søskenmoderasjonen med høvesvis 70 % og 50 % av foreldrebetalinga for første barn.