Du treng ikkje søkje på nytt dersom barnet ditt alt har plass i barnehage i Sogndal kommune.

Bruk knappen nedanfor ved:

  • ny søknad
  • endring av barnehage
  • endring av type tilbod

       Søk barnehageplass

Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass. Dersom barnet fyller eitt år i august, september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet er født.

Dersom du har så låg inntekt at du kjem inn under ordninga om redusert foreldrebetaling, hugs at du må søkja på nytt ved kvart barnehageår.

Meir informasjon om redusert foreldrebetaling.

Les meir om dei enkelte barnehagane

Behandling av søknad for nytt barnehageår i august skjer medio mars. Dersom du søkjer midt i året, blir barnet lagt på venteliste og du blir kontakta dersom barnet får plass, elles ikkje.

Dersom du ynskjer å seia opp plassen:

       Oppseiing av barnehageplass 

Oppseiingstida er ein månad, frå den 1. eller den 15. i månaden. Dersom barnet vert teke ut av barnehagen 1. mars eller seinare, må ein betala for resten av barnehageåret. (§14 i vedtektene)

.