Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. mars.
Barnehageåret startar 15. august.

       Søk barnehageplass

Dersom barnet ditt står på ventelista må du søkja på nytt. (Dette gjeld dei som ikkje har fått barnehageplass og dei som vil endre barnehage)

Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass. Dersom barnet fyller eitt år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august. Dersom barnet fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vert født.

Dersom du ynskjer å seia opp plassen:

       Oppseiing av barnehageplass 

Oppseiingstida er ein månad. Dersom barnet vert teke ut av barnehagen 1. mars eller seinare, må ein betala for resten av barnehageåret. (§14 i vedtektene)

Les meir om dei enkelte barnehagane

Behandling av søknad for nytt barnehageår i august skjer medio mars. Dersom du søkjer midt i året, blir barnet lagt på venteliste og du blir kontakta dersom barnet får plass, elles ikkje.