Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars.
For nye søkjarar skal det helst nyttast elektronisk søknadsskjema, søknad om barnehageplass. Det må fyllast ut eit skjema for kvart barn.
Det er og mogeleg å nytta skjema i papirformat. Dette kan du få ved å venda deg til tenestetorget, helsestasjonen eller barnehagane. Søknaden skal sendast til Sogndal kommune, postboks 153, 6851 Sogndal, - eller leverast i tenestetorget i kommunehuset.
Oversikt over alle barnehagane.
Barn som alt har barnehageplass treng berre søkja dersom dei ynskjer endring i tilbodet frå hausten 2012.
Om du brukar elektronisk søknadsskjema ved endring, merk av for opptakskriterium 4 - endring. Det er også høve til å nytta endringsskjema på papir. Dette får du i barnehagen eller i tenestetorget, og skal leverast i eigen barnehage.
Søknadsfrist for endring er 13. februar.
Alle barn på ventelista må søkja på nytt.