Barnehageplass

Sogndal kommune har eit samordna opptak for alle barnehagane, både kommunale og private. Gå til den enkelte barnehage for å lese meir om tilboda.

Barnehageåret startar 15. august.
Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. mars.

Du søkjer elektronisk om barnehageplass. Det må fyllast ut eit skjema for kvart barn.

Det er også mogeleg å nytta skjema i papirformat. Dette kan du få ved å venda deg til tenestetorget, helsestasjonen eller barnehagane.

Alle barn som fyller 1 år seinast 31.august og som søkjer innan fristen 1.mars, har lovfesta rett til barnehageplass. Retten gjeld for barn som bur i Sogndal kommune når dei tek i mot barnehageplassen.

Endring av barnehageplass

Barn som alt har barnehageplass treng berre søkje dersom dei ynskjer endring i tilbodet frå hausten i nytt barnehageår. Endringsskjema får de i barnehagen eller i tenestetorget, og skal leverast i eigen barnehage. Frist for endring er 13. februar.

For dei barna som har plass i dag gjeld vanleg oppseiingstid i samsvar med vedtektene, dvs. ein månad skriftleg oppseiing.

Alle barn på ventelista må søkje på nytt. Bruk søknadskjema til høgre på sida.

Oversikt over alle barnehagane i kommunen

2012-01-19

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Kontaktinformasjon

Tenesteleiar barnehage
Karin Johansen

Les meir...

Tenesteomtalar

Relaterte nyhende

Web levert av CustomPublish AS