Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Alle som bur i Sogndal kommune kan søkje om barnehageplass. Dersom barnehagen har ledige plassar, kan desse nyttast av søkjarar utanfor kommunen.
Det er samordna opptak for dei kommunale og private barnehagane med unntak av Sogndal studentbarnehage. Dersom det er ledige plassar i studentbarnehagen, kan kommunen og gi tilbod om plass i den barnehagen.
Foreldre som bur i Sogndal kommune kan søkja om barnehageplass til barnet sitt, og heile kommunen vert rekna som ein opptakskrins. Dersom barnehagane har ledige plassar, kan desse nyttast av søkjarar utanfor kommunen. Barn i alderen 0-6 år som er busett i kommunen.
Eit barn må ha fylt eitt år innan utgangen av august for å vera med i hovudopptaket det året.
Desse blir prioriterte ved opptak:
Resten av borna vert prioriterte etter alder.
Regjeringa fastset kvart år ein maksimalpris for kor mykje foreldra må betale for ein barnehageplass.
Tildeling av plass skal skje i samsvar med dei fastsette opptakskriteria, men etter pedagogisk heilskapsvurdering eller andre grunnar er det høve til å fråvike prioriteringa. Ved det årlige hovudopptaket blir du varsla skriftleg om du har fått- og i kva barnehage du har fått tilbod om plass. Har du ikkje fått ditt første ønskje oppfylt, har du rett til å bli sett på venteliste ved denne barnehagen.
Barn som ikkje får plass ved hovudopptaket, vert sett på venteliste. Dersom det vert ledige barnehageplassar seinare, vert ventelista lagt til grunn for plasstildelinga.
Søknader som kjem inn etter søknadsfristen for hovudopptak, vert sett på ventelista. Det er opptakskriteria som avgjer kva plass ein har på ventelista, ikkje tidspunktet for søknaden.
Hovudopptaket skal vere gjennomført innan 1.mai.
Hovudopptak: 1. mars
Søknad om endring: 13. februar
Forvaltningsutvalet i Sogndal kommune er klageorgan ved klage på tildeling av barnehageplass. Klagen skal behandlast etter Forskrift om sakshandsamingsreglar ved opptak i barnehage. Forvaltningsutvalet sitt vedtak i ei klagesak er endeleg.
Telefon: 57 62 97 91
Epost: karin.johansen(a)sogndal.kommune.no
Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Opningstid:
08:00 - 15:00 (sommar)
08:00 - 15:45 (vinter)
