Barneverntenesta i Balestrand inn i Sogn barnevern

1.september blei barneverntenesta i Balestrand kommune også ein del av Sogn barnevern.
Balestrand, Leikanger, Luster, Sogndal

Sogn barnevern omfattar no kommunane Balestrand, Leikanger, Luster og Sogndal med Sogndal som vertskommune. Kontoret har 9,3 årsverk og er lokalisert til helse- og sosialsenteret i Dalavegen 2 i Sogndal. Men Sogn barnevern har òg kontor og kontordagar i dei andre tre kommunane.

Gjennom samarbeidet om eit felles barnevernkontor ønskjer dei fire kommunane å leggje til rette for at vi skal få ei betre, meir effektiv og føremålstenleg barnevernteneste for barn og familiar og auke rettstryggleiken for denne gruppa. Samarbeidet gir ei meir robust teneste og eit langt sterkare fagmiljø.
 
 Sogn barnevern  12. 09. 2011
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS