Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Barneverntenesta har som ei viktig målsetjing å få til best mogeleg samarbeid med barn, unge og foreldre, barnehage, skule og det øvrige hjelpeapparatet.
Barnevernet har som si særskilde oppgåve å ta vare på dei mest utsette barna. Barn og unge skal skjermast for omsorgssvikt og ikkje lide fysisk eller psykisk overlast. Blir barnevernet kjent med slike forhold, har barneverntenesta ein lovbestemt plikt til å undersøkje korleis barnet har det, og om naudsynt sette i verk tiltak.
Barneverntenesta tek utgangspunkt i ein henvendelse som vert kalla "melding". Mange barnevernsaker startar med at foreldra sjølv tek kontakt. Men andre som kjenner barnet godt kontaktar også til barneverntesta. Felles for alle er at dei som tek kontakt, er bekymra for barnets utvikling.
Alle som jobbar i det offentlege har plikt til å melde til barnevernet dersom dei er alvorleg bekymra for omsorgen til eit barn. Dersom ein er usikker på om bekymringa ein har for eit barn bør meldast til barnevernet, kan ein ta kontakt pr. telefon eller møte, for å drøfte bekymringa anonymt.
