Turar kring Barsnesfjorden

 

Ølnes – Nuken - Åberge
Følg Dalavegen og Åbergevegen opp frå Sogndalsfjøra til Åberge.- Herifrå er det fin oppmerkt sti (først på skogsbilveg) til Hyllsete, ei fin gamal stølsgrend. Du kan gå vidare på sti til Imesdal og ned til Ølnes (ca. 4-5 t). Du kan òg gå frå Imesdal til Ølnesstølen (ikkje sti) og ned skogsbilveg til Ølnes. Frå Hyllsete kan du òg gå turar vidare nordover fjellet mot Soget og Hafslo. I vanleg gangtempo bør du rekne med ein dagsmarsj på ein slik tur.

Årøya - Hafslo
Den gamle ferdavegen mellom Sogndal og Hafslo er eit lite stykke lokalhistorie, samstundes som det er ein fin tursti både for unge og gamle. Vegen går frå Årøya, inst i Barsnesfjorden, til Okleviki i Hafslo. Det er mange segner knytte til vegen - her skal det m.a. liggja ei Olavskjelde og ein bygdeborg. Sjølve ferdavegen er og mange stader eit syn verd. Han er på dei brattaste stadene murt opp med steinblokker, og er eit synleg prov på høgt utvikla vegingeniørkunst i gamle dagar. Det er sett opp fleire informasjonstavler langs vegen.

Barsnes - Helgasete
Først frå Barsnes på god grusveg langs fjorden, deretter på T-merkt sti til stølane Dal og Helgasete (5 timar t/r). Det er òg mogleg å gå vidare frå Helgasete til Solvornnipa (1031 moh) - først på beitetråkk og deretter utan sti. Denne turen tek 7-8 timar t/r.
 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS