Bedriftsetablering
Føretaksregisterlova listar opp ei rekkje organisasjonsformer med registreringsplikt i Føretaksregisteret. Grovt sagt gjeld plikta for selskap der ansvaret er avgrensa (til dømes aksjeselskap) og for alle som driv næringsverksemd, unnateke dei fleste enkeltpersonføretak. Enkeltpersonføretak har registreringsplikt i Føretaksregisteret berre dersom dei driv varesal («handel med innkjøpte varer») eller har meir enn fem tilsette.
Andre enkeltpersonføretak kan registrere seg frivillig. Målet med registreringa er til dømes å sikre ei korrekt oversikt over kva personar som kan stillast til ansvar for handlingar i selskapet sitt namn. I enkeltpersonføretak er det ingen tvil om kven som er ansvarleg. Derfor gjeld ikkje plikta generelt for dei.
For meir info: https://www.altinn.no/no/

