Besøk i Kyrkjebakken barnehage: Lise-May Sæle, Hege Myklebust og Frida MelværMe hadde tysdag 25.juli besøk av stortingspolitikar Frida Melvær frå Justiskomiteen og kommunepolitikar og Sogn og fjordane sin vararepresentant til Stortinget, Lise-May Sæle frå Balestrand. Dei ønska å få informasjon om korleis barnehagane i Sogndal og politiet arbeider saman for å førebyggje seksuelle overgrep blant barn og unge. 

Dei hadde i samband med dette samtale med barnehagelærar Hege Myklebust i Kyrkjebakken barnehage, som fortalde om barnehagen sine erfaringar med programmet «Venskap og kropp», og det gode samarbeidet dei har med politiet gjennom dette arbeidet. Dei fekk og eit innblikk i korleis kommunen ynskjer å arbeide tverrfagleg i arbeidet med barn og unge, og kva for satsingar me er med på. 

Dette var god og nyttig informasjon som stortingspolitikarane vil ta med seg vidare. Me vil takka Frida Melvær og Lise - May Sæle for besøket, og ynskje dei lukke til vidare med arbeidet om å leggje til rette for gode oppvekstvilkår barn og unge.