Det er fleire fordelar med å betale parkeringstid med telefonen:

  • Du betalar kun for faktisk p-tid
  • Du treng ikkje gå tilbake til p-automaten for å forlenge p-tida di
  • Du trenger ikkje lenger stresse over at p-tida di går ut
  • Du slepp å bruke kontantar eller bankkortTelefon easypark.jpg
  • Du slepp å leggje parkeringsbillett i frontruta
  • SAME PRIS VED BRUK AV EASYPARK SOM BETALING PÅ AUTOMAT

Ved nedlasting av app står det at Easypark tek 15% avanse. Det står det også på deira heimeside. Dette gjeld IKKJE ved bruk på Sogndal kommune sine parkeringsplassar.

Tenesta kan nyttast uavhengig av telefontype og mobiloperatør. Parkeringskostnadene vert trekte frå bank-/kredittkortet ditt eller på faktura dersom du er bedriftskunde.

EasyPark Appen kan nyttast både av privatpersonar og firma. Sjølve appen er gratis og kan hentast direkte fra AppStoreGoogle Play, eller Windowsphone
Registrer deg sjølv via appen eller ring 03456 for å få hjelp til registreringa.

Sjå etter Easypark klistremerket med takstgruppe på parkeringsautomatane. Der finn du riktig takstgruppe og meir informasjon.

Les meir om korleis mobilbetalt parkering fungerar på nettsida til samarbeidsparneren vår www.easypark.no

* Har du ikkje smarttelefon? Det finst og ei telefonsvararteneste der du i staden startar parkeringa di via ein kort telefonsamtale.