Bibliotektenester

Målgruppe

Alle som bur i landet.

Vilkår

Biblioteket si verksemd er regulert gjennom Lov om folkebibliotek.

Alle med fast adresse i Noreg kan få lånekort mot å vise legitimasjon. Det er gratis å låna. Barn som ikkje er begynt på skulen, må låna på foreldra eller dei føresette sitt lånekort. Lånekortet bør takast med kvar gong ein vil låna. Lånaren pliktar å melda adresseforandring eller tap av lånekort til biblioteket.

Lånaren er ansvarleg for alt materiale som vert lånt på kortet. Tap og skader må erstattast etter biblioteket sine reglar.

Lånetida er til vanleg 4 veker. 

Pris

Biblioteket sine tenester er gratis.

Minstesatsar for erstatningskrav biblioteket finn du i prislista.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Våre einingar

Web levert av CustomPublish AS