Prøvingsattest

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, sjå kapittel 1 i ekteskapslova.
Behandlingstida er to-tre veker, så ver ute i god tid før bryllaupet. 

Overikt over skjema som må fyllast ut:

  1. Eigenerklæring
  2. Forlovarerklæring
  3. Erklæring om skifte, om du har vore gift tidligare
  4. Melding om endring av namn, om du skal bytte namn.

Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Du skal sende prøvingsattesten til oss. Attesten er gyldig i fire månader.

Bestille tid for vigsel
Ta kontakt på telefon 57 62 96 30 for å bestille tid for vigselen, eller fyll ut skjema for bestilling av vigsel
Skjema for ettersending av prøvingsattest

Tid og stad for vigsel
Vi tilbyr vigslar alle yrkedagar i kontortida. Vigselen vil foregå i Sogndal kommune sin kommunestyresal som vert innreia slik at det gjev eit verdig og høgtideleg preg. 
Brudepar som ynskjer vigsle på andre tidspunkt eller andre stader i kommunen, må gjere avtale om det med vigslar og betale for meirkostnader.

Pris 
Vigslar er gratis for alle i ordinær kontortid, sjølv om brudepar er busett i andre kommunar enn i Sogndal kommune  
Ønskjer de å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må de rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv.

Korleis blir seremonien?
I seremonien nyttar ein Det borgarlege vigslingsformularet, som er ein tekst som vigslaren les opp.

Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. 

Vigselsattest
Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Kopien fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 

Oversikt over lover og forskrifter
Sjå spesielt ekteskapslova kapittel 1 og §§ 11, 12, 12a, 13, 14.

Ekteskapslova

Forskrift om registrering og melding av vigsel

Forskrift om kommunale vigsler