Brann i StedjetunetSogndal kommune har sett kriseleiing i samband med brann på Stedjetunet. Kriseleiinga blir halden oppdatert oppdatert frå politi og brannvern på skadestaden.

Stedje barnehage, kyrkjekontoret og leigertakar i bygget har delteke i møtet med kriseleiinga.
Fleire innbyggarar har vendt seg til kommunen og stilt hus til disposisjon for dei som held til på Stedjetunet. Dette set kommunen stor pris på.

Stedje barnehage og oppvekstsektoren i kommunen samarbeidar om å finne tenelege barnehagetilbod for dei som treng det.

I godt samarbeid med barnehage, foreldre og kommunen er det funnet mellombelse løysingar for måndag.