Brøytemannskap kallast normalt ut når det er snøfall på 5 – 10 cm alt etter om snøen er tørr eller våt. Vegane skal normalt vere gjennombrøyta i løpet av 5 timar etter utkalling.

Definisjonar på våt og tørr snø

  • 5 cm for våt snø frå -2 grader C og høgare
  • 10 cm for tørr snø frå -2 grader C og lågare

For vegar med liten trafikk kan ein akseptere noko større snøfall, men maksimum snøgrense før ein set i gang brøyting skal ikkje overstige 10 cm for våt snø og 15 cm for tørr snø.

Sykkel, gangvegar og fortau brøytast når det er ca 5 cm snø.
Parkeringsplassar vert brøyta etter 8 cm snøfall.

Ved ekstraordinære snøfall vil alt tilgjengeleg mannskap være i aksjon. Ein gjer merksam på at for enkelte rodar vil tida for gjennombrøyting være opp mot 5 timar.

Vis omsyn til mannskap som utfører snørydding. Ikkje parker i vegbana, hald avstand til maskiner. Ikkje legg snø frå private areal ut i vegbana. Dette er ikkje lov jf. Veglova § 57.

Vis omsyn i vegkryss med dårleg sikt pga. snø. Desse vert rydda normalt etter at snøfall har gitt seg.