Brøyting
Tenesta gjeld snøbrøyting/vintervedlikehald av kommunale vegar, parkeringsanlegg, gang- og sykkelvegar og kommunale torgplassar.
Dei kommunale hovedvegane skal normalt vere brøytte innan kl. 06:30. Gang- og sykkelvegar langs riksveg skal normalt vere brøytte innan kl 07:00. Andre vegar skal vere brøytte innan kl. 07:30. Parkeringsplasser skal normalt vere brøytte innan plassen vert teken i bruk, seinast kl 09:00 på yrkedagar.
Ved pågåande snøver vert snøbrøyting sett i verk ved snødjupne kring 10 cm. På bratte og smale vegar kan det verta naudsynt å fråvike desse reglane. Det samme gjeld ved våt og tung snø. Ved snødjupne mindre enn 10 cm vert det ikkje brøytt før etter snøfall. Ved våt og tung snø må dette vurderast særskilt.
Sandstøing:
Sandstrøing vert utført ved behov.
Andre vegar:
Riks- og fylkesvegar vert brøytte av Statens vegvesen. Private vegar vert brøytte av grunneigar/rettigheitshavar.
Vaktordning:
Det kommunale vegnettet er delt opp i 11 brøyteroder. 10 av rodene er sett bort til private maskinentreprenørar. Strøing av vegar, gang- og sykkelvegar og fortau vert samkøyrt for alle rodene og vert utført av det kommunale mannskapet.
I vinterperioden 15. nov. til 01. april har det kommunale mannskapet helgeberedskapsordning
Arbeidsformann Veg er ansvarleg for koordinering av tenesta.
Ansvarleg eining:
Tenesteeining Kommunalteknikk, avdeling veg.

