Tenesta gjeld snøbrøyting/vintervedlikehald av kommunale vegar, parkeringsanlegg, gang- og sykkelvegar og kommunale torgplassar.

Dei kommunale hovedvegane skal normalt vere brøytte innan kl. 06:30. Gang- og sykkelvegar langs riksveg skal normalt vere brøytte innan kl 07:00. Andre vegar skal vere brøytte innan kl. 07:30. Parkeringsplasser skal normalt vere brøytte innan plassen vert teken i bruk, seinast kl 09:00 på yrkedagar.

Ved pågåande snøver vert snøbrøyting sett i verk ved snødjupne kring 10 cm. På bratte og smale vegar kan det verta naudsynt å fråvike desse reglane. Det samme gjeld ved våt og tung snø. Ved snødjupne mindre enn 10 cm vert det ikkje brøytt før etter snøfall. Ved våt og tung snø må dette vurderast særskilt.

  • Vis omsyn til mannskap som utfører snørydding.

  • Ikkje parker i vegbana, hald avstand til maskiner.

  • Snø frå private areal skal ikkje leggjast ut i vegbana.


Strøing:

Sandstrøing vert utført ved behov.

Andre vegar:

Riks- og fylkesvegar vert brøytte av Statens vegvesen. Private vegar vert brøytte av grunneigar/rettigheitshavar.