Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Brukarstyrt personleg assistanse - BPA - er ei aktuell tenesteform som bør vurderast når nokon flytter ut frå ein institusjon. Dette er ei alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp for sterkt funksjonshemma med behov for assistanse i dagleglivet både heime og til aktivitetar ute.
Tenesta er eigna for:
Målet med brukarstyrt personleg assistanse er å bidra til at funksjonshemma får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv.
Dersom du har behov for meir informasjon om ordninga kan du lese meir på RO - Ressurssenter for omstilling i kommunene
Søknadsskjema for pleie - og omsorgstenester
Søknad om personleg assistanse vert å senda skriftleg til tenesteeining Helse og sosial som gjer vedtak i saka.
Søkjar kan klaga på vedtaket. Klagefrist er tre veker frå vedtaket er motteke. Klage skal sendast til det organet som har fatta vedtaket. Om det er ynskjeleg kan ein ta kontakt med tenesteeining sosial for å få hjelp til å setja opp klagen. Ved mottak av klage vil vedtaket verta vurdert på nytt. Dersom vedtaket ved ny gjennomgang ikkje vert endra, vert det oversendt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for endeleg avgjerd.
