Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Gjennom gunstige lån og eventuelt tilskot kan du få hjelp til å finansiera bygging, kjøp, utbetring eller vedlikehald av bustad. Det er ulike reglar for dei ulike ordningane, og det er og ulike målgrupper. Kommunen kan gje nærare rettleiing.
Unge i etableringsfasen, einslege forsørgjarar, barnefamiliar, funksjonshemma, flyktningar og andre økonomisk vanskelegstilte.
Ved vurdering av søknader om lån vil kommunen/Husbanken leggja vekt på at du må kunna betena buutgiftene dine over tid, og at bustaden skal vere eigna, rimeleg og nøktern.
Husbanken ønskjer i samarbeid med kommunen å leggja til rette for at fleire kan få hjelp til bustadetablering. Gjennom ordninga med Startlån (tidlegare etableringslån) kan du;
Startlån kan gjevast som fullfinansiering, i kombinasjon med bustadtilskot, i kombinasjon med lån frå Husbanken eller i kombinasjon med private lån. Kommunen vil rettleia deg nærare om dette.
For dei mest vanskelegstilte kan kommunen gje bustadtilskot til delvis finansiering av kjøp eller nybygg. Dette er eit tilskot som i praksis er eit rente- og avdragsfritt lån som skal nedskrivast med 10% årleg. Sel du huset etter 10 år, får du behalda heile tilskotet.
Kommunen kan også gje tilskot i samband med utbetring og vedlikehald av bustaden, i kombinasjon med lån eller eigne midlar. Slike tilskot vert ytt til økonomisk vanskelegstilte i samband med auking av bustandard (innreia toalett/bad, laga soverom på hovudplanet, tilretteleggja for funksjonshemming osb). Tilskot kan og gjevast i samband med nødvendig vedlikehald av bustad for eldre og funksjonshemma.
Meir informasjon om tilskot og lån til bustad- og bygningsrelaterte føremål frå Husbanken.
Vår og haust. Fristane vert annonserte i lokalavisa.
