Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadsordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som handsamar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.

Kvar er bostøttekontoret i kommunen?
Sosialkontoret held til i andre høgda i helse- og sosialsenteret, Dalavegen 2. Telefon 57629730.

Sjekk om du kan få bustønad
På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustønad, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustønadkalkulatoren.

Søk om bustønad
Søknadsfristen for bustønad er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. 
Dersom du får innvilga bustønad, vert søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, vert søknaden din overført til neste månad automatisk.

Meld frå om endringar
Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i dei opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.

Klage på vedtak om bustønad
Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter at du mottok vedtaket.   

Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustønad på husbanken.no. Du kan og få hjelp og rettleiing frå kommunen.

Regelverk