Sjekk om du må søkja om løyve
Aller først må du finne ut om byggearbeidet du ynskjer å utføre krev at du søkjer om løyve. Etter dei siste endringane i plan- og bygningslova er det no ikkje noko som heiter meldesaker. Enten er tiltaket søknadspliktig eller så er det ikkje krav til søknad. Er du i tvil, bør du kontakte Tenestetorget.
Arbeid som ikkje krev søknad om løyve
Legg merke til at arbeid som er unnateke frå søknad må vere i samsvar med plan- og bygningslova og vilkåra gjeve i medhald av lova, bl.a. arealplanar (kommuneplan og reguleringsplan). Kommuneplan og reguleringsplanar finn ein på Sognekart.no. Tenestetorget vil også kunne hjelpe til med å gi informasjon om kommuneplan/ reguleringsplanar.
Arbeid som krev søknad om løyve og som kan gjennomførast av tiltakshavar (byggherre)
Ein del av dei tiltaka som tidlegare var meldesaker er no søknadspliktige, men byggesaka kan likevel fremjast av tiltakshavar utan særskilte krav til godkjenning for ansvarsrett. Der tilbygg også omfattar etablering av våtrom er våtrommet søknadspliktig med krav om ansvarlege føretak for søknad, prosjektering, utførelse og kontroll. Det er pr. 14.03.11 kome presisering på kva som er søknadspliktig. Sjå tenesteomtale for våtrom til høgre på sida.
Anna arbeid som krev søknad om løyve
Søknaden må sendast inn, og arbeidet må utførast av føretak som kommunen kan godkjenne som ansvarleg søkjar, prosjekterande, kontrollerande og utførande.
Generell informasjon og rettleiing om søknadsprosessane
Sjå rettleiingar i menyen til høgre.
Situasjonskart
Det blir stilt krav om situasjonskart i dei aller fleste sakene. Kart, planføresegner og naboliste får du ved å kontakte Tenestetorget.
Tidsfristar:
Tidsfristar med særskilde verknader og andre tidsfristar.
Byggearbeidet
Når du har fått løyve, kan byggearbeidet setjast i gang. Du sjølv og det føretaket som har søkt og fått ansvarsrett, er ansvarleg for at arbeidet blir utført i samsvar med krav gjeve i eller med heimel i plan- og bygningslova.
Kommunen kontrollerer ikkje byggearbeidet, men gjer gjennom tilsyn stikkontroll i enkeltsaker. Kommunen fører primært tilsyn med føretaka med gjennomgang av system og rutinar.
Klage:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Lover og retningslinjer:
Byggereglar