Gebyret er vedteke med heimel i plan- og bygningslovens § 33 og gjeld tiltak som blir handsama etter forskrift om byggesakshandsaming.
   
§ 1 Gebyr omfattar
Totalt gebyr omfattar: Utskriving av grunnlagskart for situasjonsplan, naboliste. Sakshandsaming, godkjenning av ansvarlige, dokumentkontroll, tilsyn i byggeperioden og nødvendige attestar. Gebyret vert skreve ut til tiltakshavar.
 
§ 2 Betalingsplikt

Alle som får utført tenester etter dette regulativ skal betala gebyr. 
 
§ 3 Tidspunkt for gebyrutrekning  
Gebyret vert utrekna etter det regulativet som gjeld den dato kommunen mottek ein tilfredsstillande melding eller søknad. 
 
§ 4 Tidspunkt for fakturering og betalingstidspunkt
Når vedtak i samband med søknad/melding er gjeve vert fakturering for gjeldande gebyr utført.

Saker som vert trekt av søkar/tiltakshavar etter at sakshandsamlinga er starta vert fakturert med 50% av berekna gebyr for aktuell sak. Avslag vert fakturert med 70 % av fullt gebyr.
 
§ 5 Prosjekt som kjem inn under fleire tiltaksklassar
Ved prosjekt som kjem inn under fleire tiltaksklassar vert gebyret utrekna etter tiltaksklasse for ansvarleg søkar.
 
§ 6 Komplette søknader
I dei saker der søknaden er komplett og kan handsamast utan ytterligare opplysningar ved første gangs innsending vert det gjeve 25 % reduksjon i byggesaksgebyret, avgrensa inntil kr. 750,-.   

§ 7 Høve til å klage
Fastsetjing av gebyr i den enkelte saka kan ikkje påklagast. Rådmannen si avgjerd i søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.
 
§ 8 Ulovlege tiltak og pålegg etter plan- og bygningslova
Plan- og bygningslova gjev i § 32-8 heimel til å ilegge overtredelsesgebyr til ansvarlege for brot på plan- og bygningslovgjevinga.

Gebyrregulativ: 
Gjeldande gebyrsatsar for søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova: 
For alle typar bygg skal det betalast eit basisgebyr for kvar frittståande bygning. 
 
I tillegg til basis-gebyret skal det betalast eit arealgebyr på kr. 31 for kvar kvm bruksareal (m2 BRA).

Basisgebyr

Basisgebyr for:

 2019

Tiltaksklasse 1 - rammeløyve  9 753
Tiltaksklasse 1 - igangsetjing  6 091
Tiltaksklasse 2 - rammeløyve  15 845
Tiltaksklasse 2 - igangsetting  9 584
Tiltaksklasse 3 - rammeløyve  19 351
Tiltaksklasse 3 - igangsetting  11 332

Delsøknader ut over to trinn pr. gong

 2 646
Tiltaksklasse 1 – eitt trinns handsaming  11 927
Tiltaksklasse 2 – eitt trinns handsaming  18 890
Tiltaksklasse 3 – eitt trinns handsaming  22 955
Tilbygg/påbygg < 30 m2 25 % av basisgebyr
Tilbygg/påbygg > 30 m2 < 100 m2 50 % av basisgebyr
Tilbygg/påbygg > 100 m2 Som nybygg
Garasjar/bustadbrakker/naust/basseng etc.(GAB: 161-199) .   50 % av basisgebyr
Ved mellombelse bygningar betalast fullt gebyr i den kategori bygget omfattar
Ved endring skal det betalast tilsvarande delsøknad ut over 2 trinn. Ved bruksendring skal det betalast 50 % av fullt gebyr 

Andre søknadspliktige tiltak som fasadeendring, vindaugsskift (som medfører fasadeendring), støttemurar, støyskjermar, graving/fylling, antenner, skilt,
balkongar etc;        

 1 579
Avvik frå høgde/avstand etter pbl § 29-4  2 280
Dispensasjonar med heimel i pbl. § 19  6 674  
For separate søknader som godkjenning av tekniske installasjonar, heisanlegg, tankar og konstruksjonar som ikkje gjev BRA  2 280  
For tiltak etter Pbl. § 20-2 og som medfører BYA/BRA betalast med  1 966  
Frådeling etter pbl. § 20-1, i samsvar med regulering betalast med kr.  2 637
Matrikkelføring for ikkje søknadspliktige tiltak betalast med kr. 1 582
Godkjenning av ansvarsrett
 
Sjølvbyggjar  686
Lokal godkjenning  771

 

Frikjøpsordning for parkering.

I staden for oppstillingsplass på eigen grunn eller felles areal kan kommunen samtykke i at det vert innbetalt eit beløp for bygging av offentleg parkeringsanlegg, jf. arealdel til kommuneplanen 1-6 g, pkt. 4, jf. k.sak 53/12.  Beløpet gjeld frå 1. januar i avgiftsåret og vert regulert  med 1,8 % i samsvar med prisvekst på varer og tenester i statsbudsjettet.

 

Frikjøpsordning for parkering 2018.

 

Frikjøp pr. plass  kr. 295 921.

 

Handsaming av utsleppsløyve :

 

Når det skal etablerast nytt anlegg må det søkast om utsleppsløyve og samtidig søkast om byggeløyve for anlegget.  Gebyret  for utslepp gjeld i tillegg til byggjesaksgebyret. 

 

Det skal betalast gebyr per utslepp etter følgjande satsar :

 

Anlegg der utsleppet er kalkulert til under 15 PE

 5 095

Anlegg der utsleppet er kalkulert til mellom 15 og 100 PE

 7 279

Anlegg der utsleppet er kalkulert mellom 100 – 1000 PE

11 526

Anlegg for utslepp av gråvatn

 2 426