Saksframlegg


Sakshandsamar:

Jens Øyrehagen

Arkiv: MTR 4/1

Arkivsaksnr.:

09/2535-11




Klage på avslag av søknad om dispensasjon frå kommuneplan, arealdelen på Årøy.



* Tilråding:

::: &&& Sett inn innstillingen under &&&

  1. Forvaltningsutvalet opprettheld vedtaket i sak 106/09 om ikkje å gje dispensasjon frå kommuneplan for frådeling av bustadtomter på eigedommen gbnr. 4/1 Årøy.

  2. Saka vert sendt Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til endeleg avgjerd.


::: &&& Sett inn innstillingen over &&&


... &&& Sett inn saksutredningen under &&&

Vedlegg:

  1. Klage på vedtak, dagsett 22.12.2009.


Saksutgreiing:

Bakgrunn:

Nina Munthe Olsen klagar på forvaltningsutvalet sitt vedtak i Sak 106/09. Klagen er dagsett 22.12.2009 og motteken 28.12.2009. Klagen er såleis motteken innan klagefristen. Klagen gjeld dei tre ubebygde tomtane.


Klagar meiner at plasseringa i tilknytning til eksisterande bustader er ein grunn for dispensasjon, og viser der til Utfyllande føresegner § 12 pkt.3 i kommuneplan. Vidare meiner klagar at auken i transportmengda ved ein dispensasjon vert svært liten. Klagar peikar og på at innføring av eigedommsskatt kan medføre krav om kommunal overtaking av infrastruktur. Klagar kjem og med ei presisering at det tidlegare er frådelt 6 bustadtomter frå eigedommen, og at 5 av desse er utbygde. Vidare vert det peika på at dispensasjonssøknaden gjeld eit areal tilvakse med skog og er såleis ikkje i konflikt med areal egna til dyrka jord.


Vurdering:

I § 19 i Plan og bygningslova heiter det at søknader om dispensasjon skal grunngjevast. Kommuneplan arealdelen har i kapittel 4, Utfyllande føresegner og retningslinjer, § 12 reglar for dispensasjonar. I pkt. 3 er det nemnt nokre moment som vert lagt vekt på når dipensasjonen er grunngjeven. Det er ikkje ei grunngjeving at det ligg fleire bustadtomter der frå før. Dei andre momenta som klagar peikar på, innføring av eigedommsskatt, og at arealet er uegna som dyrka jord, er heller ikkje grunngjeving for dispensasjon. Rådmannen meiner at søknaden om dispensasjon framleis ikkje er grunngjeven. Det er heller ikkje kome til opplysningar som ikkje var kjende då saka først vart handsama. Rådmannen tilrår å oppretthalde vedtaket og sende saka til fylkesmannen til endeleg avgjerd.


Sogndal 15.01.2010.


Jostein Aanestad

Rådmann

Einar Nedrelo

Tenesteleiar



... &&& Sett inn saksutredningen over &&&