Saksframlegg


Sakshandsamar:

Jens Øyrehagen

Arkiv: 242 U01 &02

Arkivsaksnr.:

10/3326-2




Klage på vedtak i næringsfondet 2010 - Stiv Kuling AS



* Tilråding:

::: &&& Sett inn innstillingen under &&&

Formannskapet tek ikkje klagen frå Stiv Kuling AS til fylgje. Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast.


::: &&& Sett inn innstillingen over &&&


... &&& Sett inn saksutredningen under &&&


Vedlegg:

  1. Brev frå Sogn Næring med vedlegg om klage på vedtak, dagsett 07.10.2010.


Saksutgreiing:


Bakgrunn:


Stiv Kuling AS søkte om støtte frå næringsfondet og fekk avslag då styret meinte at prosjektet ikkje ligg under prioriteringane til næringsfondet. Dette vedtaket er det klaga på og klagen er oversendt for handsaming og endeleg avgjerd i formannskapet. Det vart søkt om kr 100 000,- i støtte til eit forprosjekt kalkulert til kr 180 000.-. Forprosjektet skulle presentere idear om utvikling av eigedommen Eskestrand innanfor visse råmer. Fondsstyret er positive til tiltaket, men på dette stadiet i prosjektet må kostnadene dekkast av utbyggjar sjølv.


Vurdering:

Søknaden er basert på ein tanke om å utvikle fritidsbygg som er mindre arealkrevjande og som tillet at området i større grad kan nyttast av ålmenta. Sogn Næring seier i si vurdering at dette er eit interessant prosjekt, men at utgreiingar av denne karakter og på dette stadiet må utbyggjar ta kostnadene med sjølv.


Sogndal kommune har gjeve retningslinjer for bruk av næringsfondet, innafor desse råmene har fondsstyret vedteke profil og prioriteringar for korleis næringsfondet skal nyttast mest mogeleg strategisk. Når ein søknad vert klaga på kan formannskapet vurdere alle sider ved ei sak. I dette høve er det tale om to ting:


Rådmannen ser positivt på nyetablering av kompetanseverksemder i kommunen. Søknaden er ikkje direkte knytt til etablering av kompetanseverksemd, men til utgreiing av eit konkret prosjekt. Fondsstyre meiner at vurdering av eit utbyggingstiltak må finansierast av utbyggjar. Rådmannen deler denne vurderinga. Dersom det vert opna for støtte til utgreiing av reine utbyggingsprosjekt der føremålet er sal i marknaden, vil det vera mange utbyggingsprosjekt som vil vera søkjegode for midlar frå næringsfondet. Dette er ikkje eit prioritert område innafor nærinsgfondet. Rådmannen tilrår difor at fondsstyret sitt vedtak vert ståande og at formannskapet ikkje tek klagen til fylgje.


Sogndal 18.10.2010.


Jostein Aanestad

Rådmann

Einar Nedrelo

Tenesteleiar


... &&& Sett inn saksutredningen over &&&