Saksframlegg


Sakshandsamar:

Arvid Haukereid

Arkiv: MTR

Arkivsaksnr.:

09/177-4




Kjell Fodnes - Søknad om dispensasjon til frådeling av hyttetomt på Fruhilleren.


* Tilråding:

::: &&& Sett inn innstillingen under &&&

Forvaltningsutvalet gjev ikkje Kjell Fodnes dispensasjon frå kommuneplan for frådeling av hytte ved Fruhilleren. Grunngjevinga for vedtaket er at ulempene er klart større en førmunene ved ein dispensasjon.


For eventuell klage på vedtaket vert vist til ”rett til å klaga over forvaltningsvedtak.”

::: &&& Sett inn innstillinga over &&&


&&& Sett inn saksutredningen under &&&


Vedlegg:

  1. Søknad, motteken 17.09.09

  2. Situasjonsplan i m 1: 500


Uprenta vedlegg:


Saksutgreiing:

Bakgrunn:

Frå Kjell Fodnes v/ansvarleg søkjar, Fasit ingeniør- og Vikartenester, har vi motteke søknad om dispensasjon frå arealen i kommuneplan til frådeling av ei hyttetomt på om lag 500 m2 ved Fruhilleren i Fjærland.


Sjølv om søknaden ikkje er grunngjeven vel me likevel å handsame den.

Parsellen ligg i LNF-område og grensar i aust til det regulerte område på Fruhilleren. Området er regulert til bustadføremål. I sør grensar den mot ein bustadeigedom, i same området i vest og nord ligg to fritidsbustader. Det er utarbeida skredrapport for området, datert 10.05.04, utført av geolog Asbjørn Rune Aa. Det er trekt opp maksismal skredgrense på situasjonsplan, markeret med raudstipla linje. Skredgrensa går inn på hyttetomta, om lag 100 m2, det er mogeleg å få plassert ei hytte utanfor skredgrensa.


Plan og Bygningalova:

§ 19 handlar om dispensasjon. Dispensasjon skal vera grunngjeven. Føremunene med å dispensera må vera klart større enn ulempene og føremålet i lova og målsetjinga med bestemmelsen det vert dispensert frå, kan ikkje setjast tilside.


Jordlova:

§ 12 i jordlova handlar om deling av landbrukseigedom. Deling kan tillatast dersom det er samfunnsinteresser av stor vekt som talar for eller det er forsvarleg ut frå omsynet til avkastninga på eigedommen.


Vurdering:

I kommuneplan sin arealdel er området avsett til LNF-område, sone I. Som det går fram av situasjonsplanen ligg den omsøkte parsellen i område med eksisterande fritidsbustader og bustadtomtar. I kommuneplan, arealdelen pkt.3.2.1. er det sagt at hyttebygging bør konsentrerast til eigne areal og ikkje blandast med andre føremål. I eksisterande område der føremåla er blanda, m.a. bustader og hytter i same område, vert det ikkje opna for fleire hytter. Plasseringa er i dette høve inntil eit område regulert til bustad. I fylgje skredrapport er ein del av parsellen skredutsett. I fylgje plan- og bygningslova, § 19-2, skal dispensasjon ikkje gjevast dersom førmålet i arealdelplanen vert vesentleg tilsidesett. Dessutan skal føremunene med å gje dispensasjon vera klart større enn ulempene. I dette høve er såleis ulempene med dispensasjon klart større enn foremunene, og rådmannen tilrår difor at det ikkje vert gjeve dispensasjon.


Sogndal 05.01.2010.



Jostein Aanestad

Rådmann

Einar Nedrelo

Tenesteleiar

... &&& Sett inn saksutredningen over &&&