Dagsturhytta

 

Arbeidet har vore utsett i over ein månad grunna dårleg flygever for helikopteret.

Teamet som skal montere hytta ferdig, jobbar no med å fly inn dei siste to hyttene i Sogn. Etter dette skal dei tilbake for å ferdigstille alle hyttene. Dette arbeidet er venta å ta inntil 4 veker. Det vil seie at sjølv om hytta er flydd opp, er den ikkje klar til bruk enno. Dato for offisiell opning er heller ikkje avklart.

I løpet av 2018 skal alle kommunane i Sogn og Fjordane ha fått på plass dagsturhytter på eit turmål i kommunen

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommuneSparebankstiftinga og kommunane. Utgangspunktet er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftslivFysisk aktivitet for alle.

Les meir om Dagsturhytta.

 

Bilete: Hytta er delt opp i modular som vart frakta opp i Stedjeåsen med helikopter.