Likar du å danse? Då er dette kanskje plassen for deg!

Dans uten grenser (DUG) ynskjer fleire deltakarar i danseverkstadane sine. Dei som underviser er ungdommar sjølve og har fått opplæring til å drive med dans for andre barn og unge. Danseverkstaden er eit positivt fritidstilbod som fungerer godt og gjev svært mange unge tru på seg sjølve.

Etter kvart semester vert det laga ei elevframsyning på kulturhuset der deltakarane og instruktørane får vist fram kva dei har jobba med.

Du treng inga erfaring frå dans for å vere med. Dei to fyrste vekene er uforpliktande og du kan prøve ut dei ulike timane og finne ut kva du vil.

Kontakt:
Hilde Breiskalbakken Telefon 95 10 56 25

Timeplan vår 2017
Måndag   16.30 - 17.30 5. - 7. klasse Mix *
  17.30 - 18.30 1. - 2. klasse Mix *
Tysdag   17.00 - 18.00 3. - 4. klasse Showdans
  18.00 - 19.00 1. - 2. klasse Showdans
  19.00 - 20.00 8. klasse - vgs Mix *
Onsdag   17.00 - 18.00 3. - 4. klasse Musikal
  18.00 - 19.00 4. - 7. klasse Popping
Torsdag   16.30 - 17.30 1. - 3. klasse Breakdance
  17.30 - 19.00 4. klasse og oppover Breakdance
 Mix * = Hip hop, moderne, afro, bhangra