Kven kan søkje om deling?
Søknad om deling og rekvirering av oppmålingsforretning kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar av eigedommen, vert det forlanga vedlagt firmaattest av nyare dato.
Søknad om deling skal innehalde:

  1. Søknad om deling/rekvisisjon av oppmålingsforretning. Søknaden må underskrivast av samtlege heimelshavarar.
  2. Situasjonskart; her skal det gå fram korleis ein ynskjer å dele
  3. Nabovarsel

Saksgang
Når søknaden er registrert i kommunen, føretek vi ein enkel gjennomgang av saka. Er det manglar i saka, orienterar vi om dette. Treng søknaden handsaming/uttale frå andre offentlege instansar, tek kommunen ansvar for innhenting av desse. Blir det søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden også handsamast av landbruksetaten med heimel i Jordloven § 12.
 
Følgjande vilkår må vere oppfylte:

  • Ein frådeling må vere i samsvar med gjeldande arealplan.
  • Tomta si form og storleik må vere skikka til busetnad. Dette gjeld både ny tomt og avgivartomta.
  • Ny byggjetomt må vere sikra lovleg tilkomst og avkøyrsle til offentleg veg.
  • Ny byggjetomt må vere sikra lovleg vekkleiing av avløpsvatn.

 Vedtak etter plan- og bygningslova
Vedtaket fattast med heimel i plan- og bygningslova. Vedtaket stilast til søkjaren med kopi til eventuelle partar som har hatt innspel til søknaden.
 
Oppmålingsforretning
Når delingsløyve vert gitt, rekvisisjon om oppmålingsforretning er motteke og eventuelle vilkår for delinga er oppfylt, målast eigedommen opp. Heimelshavar og eigarane til tilstøytande eigedommar får skriftleg varsel minst to veker før oppmålingsforretninga finn stad. Det vert ført ein protokoll der det går fram kven som møtte, om det var semje/usemje i påviste grenser og eventuelt andre forhold som kom opp under oppmålingsforretninga.
 
Eigedommen vert ført inn i matrikkelen og tinglysast
Etter oppmålingsforretninga vert den nye eigedommen (ny matrikkeleining) ført inn i matrikkelen og sendt til Statens kartverk for tinglysing saman med ev. nødvendige erklæringar.
Når den nye eigedommen (matrikkeleininga) er tinglyst, skal kommunen utferde eit matrikkelbrev som skal sendast den som har rekvirert frådelinga.
 
Gebyr
Arbeidet med ei delesak er gebyrbelagt, sjå kommunen sine gebyrregulativ for kart- og oppmålingsarbeid.
I tillegg kjem tinglysningsgebyr.