Demensteamet vil arbeida for å gi meir kunnskap om demenssjukdommar. Vi ynskjer å gi råd og rettleiing i dagleglivet og å styrka dei pårørande gjennom open dialog.
 
Kva kan demensteamet hjelpe deg med?

- Heimebesøk, der ein kan utføra kartlegging og utgreiing ved mistanke om demens, i samarbeid med legetenesta
- Samtale og informasjon til pasient og pårørande
- Oppfølging i heimen og institusjon
- Pårørandeskule og samtalegruppe for pårørande
- Informasjon om tenestetilbod, evt hjelp til søknader
 
Ein treng ikkje henvisning eller søknad for å kontakte demensteamet.
 
Telefon: Sentralbord: 57 62 98 00 (spør etter demensteam)
Epost: demensteam@sogndal.kommune.no

Brosjyre.