Den kulturelle spaserstokken - søknad om statlege tilskot

Målet for Den kulturelle spaserstokken er å leggje til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren, slik at det kan utviklast gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk. Midlane skal nyttast til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet, etter modell frå Den kulturelle skulesekken.

Målgruppe

Grupper, lag, organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar som arrangerer kulturelle tiltak for innbyggjarar i kommunen i aldersgruppa 55+.

Vilkår

Det er kommunane som har høve til å søke. Det skal sendast ein – 1 – søknad sjølv om fleire aktørar vil delta i gjennomføringa. Der fleire kommunar samarbeider, skal det også sendast berre ein samla søknad for heile samarbeidsprosjektet, med opplysningar om dei samarbeidande kommunane. Det blir stilt krav om rapportering.
 

Handsaming

Departementet inviterer alle kommunane i landet til å søkje om midlar til gjennomføring av kulturtiltak for eldre.

Søknadsfrist

Frist for innsending av søknad til Kulturdepartementet er 15. mai.
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS