Midlane skal nyttast til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet, etter modell frå Den kulturelle skulesekken.

Det er kommunane som har høve til å søke. Det skal sendast ein – 1 – søknad sjølv om fleire aktørar vil delta i gjennomføringa. Der fleire kommunar samarbeider, skal det også sendast berre ein samla søknad for heile samarbeidsprosjektet, med opplysningar om dei samarbeidande kommunane. Det blir stilt krav om rapportering.

Søknadsskjema, rettleiing, retningslinjer og rapporteringsskjema: nettsida til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Sogndal kommune sin kontaktperson er Signe Witsø ved Sogndal bibliotek, tlf. 57629663 - epost signe.witso(at)sogndal.kommune.no